Helsing til Åse
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2010
Kva framtida vil bringe veit vi lite om. Dagen etter eit nytt vellukka Konradløp er det naturleg å sende varme tankar til Åse Lødøen Grebstad.
I fjor representerte Åse eit fargerikt innslag under Konradløpet. I år var deltaking totalt uaktuelt. Ei stygg bilulukke – til og med i Velledalen – sytte for det.
Åse Lødøen Grebstad har markert seg i Velledalen også ved tidlegare høve. Ho var ei av svært få kvinner som hadde mot nok til å stille under ”Humoren sin kveld”, som vart arrangert av VRF sju år på rappen i Velledalen grendahus på 90-talet.
Vi kjenner diverre ingen med sikre helbredande evner. Hadde vi gjort det ville vi tilrådd å bruke dei på Åse. Men gode, varme tankar kan vi alle sende - med ynskje om god betring.
Med dette er det gjort frå Velledalen og arrangøren av Konradløpet.
Startnummer 119 er Åse
Startnummer 119 er Åse