Frisk ”ungdom” i 9. utgåva av Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2010
Minikonrad samla 96 deltakarar (ny rekord) med Hans Martin Gjedrem som premieutdelar, medan 299 var påmelde 1.mai klokka 05.00. Arrangøren er godt nøgd med 395 deltakarar totalt.
Mangt og mykje var spesielt ved årets løp.
1)
Det markerte at det i år er 100 år sidan Konrad Brunstad vart fødd
2)
For fyrste gong var Konradløpet ”kjemisk fritt” for russ
3)
For fyrste gong var nedbøren frå himmelen kvit.
4)
For fyrste gong samla Konradløpet seks deltakarar over 80 år
Det siste hadde Konrad likt. Fleire eldre held seg spreke med fysisk aktivitet no enn tidlegare. Og vi kan ikkje anna enn la oss imponere av Harald Relling sine 28.35 i ein alder av eit par og åtti år.
Elles smadra unge Michael Uhlar frå Tjekkia utlendingsrekorden. Han vart totalt nummer seks med tida 16.34 (den gamle lydde på 18.12). Flott gjort Michael -
grunnlaget har du vel lagt på herretrimmen til Åge Vanebo i Velledalen. Den krev sin mann!
Vi registrerer at Knut Lium og Hilde Riksheim Tandstad begge forsvarte fjorårssigrane. Hilde tangerte sin eigen kvinnerekord med tida 18.46
Kos dykk med resultatlista og takk for innsatsen!
Resultatliste Her
Takk til alle funksjonærar som gjorde ein kjempejobb. Ei særleg takk til damene på kjøkkenet og premiekomitéen. Meir frå Konradløpet seinare !