Knapp veke til Konradløpet – 40 påmelde i Hovudløpet 1. mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2010
Dette er eit bra tal.Vanlegvis er det dei siste 48 timane før start folk melder seg på.
Og spesielt siste døgnet brukar vere hektisk. I håp om å endre litt på folk sine vaner vert det i år innført auka startkontingent for etternølarane. Dei som melder seg etter klokka 16.00 fredag 30.april må ut med 50 kroner ekstra – men det er likevel rimeleg, med frukost inkludert i prisen
Av dei 40 påmelde har vi 21 hokjønn og 19 hannkjønn. Konradløpet er eit av få idrettsarrangement der damene plar vere i fleirtal. Det ser ut til å halde seg opp att dette året òg, sjølv om 40 påmelde er eit skrint grunnlag å byggje sikker statistikk på.
Så langt har vi ingen utlendingar på deltakarlista, men dei kjem nok. Dei åtte tidlegare Konradløpa har samla deltakarar frå ti ulike nasjonar. Og vi nemner at Daryl Matthews har utlendingsrekorden på 18.12 – sett i 2009.