Yippy, Hans Martin kjem!

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2010

I dag ringde han. Hans Martin Gjedrem kjem til Brunstad og Velledalen for å kaste glans over Minikonrad.


ÅFK-spelarane vert bleike i samanlikning. Dei har eitt NM-gull, Hans Martin har ikkje mindre enn fire seniorgull. Tre i skiskyting og eitt i motbakkeløp.

  Han kjem til Brunstad om lag klokka 17.30 den 30.april, der han vil sjå alle deltakarane i Minikonradløpet, og det er naturleg at han får det ærefulle oppdrag som premieutdelar.



Etterpå har vi avtala at han skal ta seg ein time med idrettsskulen der han vil fortelje om
   idrettsliv sitt og ungane truleg får høve til det same. Det blir heilt sikkert ei fin rosin i pølsa for mange å treffe Hans Martin. Mest truleg kjem han ikkje til å starte i Konradløpet 1.mai klokka 0500. Så vil nokon sjå korleis ein firdobbel NM-vinnar ser ut, må dei møte opp 30. april. Vi kan love ein staseleg kar på 29 år totalt blotta for nykker.



Idrettskulestyret får hive seg rundt og planlegge korleis dei vil bruke timen med Hans Martin