Løyperekordhaldaren kjem til Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Apr 2010

Knut Lium frå Land FIK sette i fjor løyperekord i Konradløpet med tida 15.07 i ein alder av 39 år og 362 dagar.



I år har han bikka 40, men kjem att. Dette takka vere sponsoren i Gylet i Straumgjerde, Svein Arne Nakken med familie, som held med kost og losji for Lium og hans familie. Knut Lium takkar for invitasjonen og skriv mellom anna fylgjande:


-Fint at dere holder på start klokka 0500, for som en gammel kollega av meg pleide si:


”Dæ som itte blir gjort før klokka sju om mårrån, blir itte gjort”


Vi kommer dersom vi er friske og får Opelen over fjellet!



Det betyr at begge løyperekordhaldarane (Hilde Riksheim Tandstad er den andre) startar i den 9. utgåva av Konradløpet.