Konradløpet – fyrste påmeldingane i boks

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2010

Det nærmar seg 1.mai og påmeldingane har byrja sige inn.



Fyrst ute var ålesundarane Geir Ove Vedø og Stein Midtun. Deretter kom tre aktørar frå Vik i Sogn, før vi fekk ein mann frå Grebstad som nummer seks. No ventar vi i stor spenning på kven som vert den fyrst påmelde frå meir lokale område som Velledalen/Straumgjerde



Vi har nettbasert påmelding, eller ein kan melde seg på til Hilde Tandstad eller Atle Hole. Startkontingenten er uendra frå i fjor; 50 for born 100 for vaksne og 250 for familie. Alle prisar inkluderer frukost, diplom (1.gong startande) og medalje (3.og 6. gongs startande).



Akkurat no er største spenningsmomentet om Hans Martin Gjedrem kjem som årets heidersgjest. Årets løp er det niande i rekkja. ”Totalpakken” for Konradløpa 2010 ser slik ut:


30. april: Minikonrad (0-16 år) start klokka 1830


1.mai: Konradløpet (0-100 år) start klokka
   0500


10.juli: Konrad Extrem – detaljar ikkje klare