Konrad Extrem i ny løype 10.juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2010
Frå Konrad Extrem 2009
Velledalen IL har hatt ein komité i sving for å vurdere ulike alternativ for eit nytt Konrad Extrem. Deira innstilling er no klar.
I 2009 vart Konrad Extrem arrangert med eit prøveløp frå starten av skogvegen på Hjorthol til Koppen. Eit løp Arve Rindal frå Nordfjordeid vann. Løypa var grei nok – kanskje i kortaste laget – men det var helst forholda i startområdet (trangt og nær sterkt trafikkert veg) som gjorde at idrettslaget leita etter nye alternativ.
Tre menn – Nils Terje Skylstad, Geir Helge Grebstad og Håkon Fedt – fekk i oppdrag å kike etter andre høvelege alternativ. På sist styremøte la karane fram innstillinga si.
Dei ser for seg eit motbakkeløp med start frå Brunstad. Den fylgjer så vegen opp til Brunstadsætra, der den tek av i retning Brunstadkøln. Mål vert i området hytta ved Storevatnet (ny hytte er under planlegging). Ei løype med ein høgdeskilnad på kring 750 meter.
Løpet vert arrangert 10.juli – same dag som trimgruppa arrangerer sin årvisse grillkveld på Brunstadsætra. Det vart antyda ei vinnartid på 35 minutt – greitt å ha noko å måle seg mot for dei som har ambisjonar.