Æresmedlem Karl B. Lade er død

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2010


    

    

    
    
    
    
     
       
     
     Trist bodskap i går, då det kom melding om at æresmedlem Karl B. Lade var død 82 år gamal.
       
     
     
       
     
     Karl vart æresmedlem i V.I.L. i 2001.
       
     
     I unge år var han aktiv på ski og i fotball, men det var som idrettsleiar han sette spor etter seg. Han var mellom pådrivarane då laget i 1965 for alvor starta med barneidrett, han har vore leiar i V.I.L, noko han melllom anna var i 1971 då Dalemyra stadion vart opna. Elles har han gjort ein stor innsats for klubben under inntektsbringande tiltak som marknader, bingo og kiosksal.
       
     
      Men det er arbeidet hans i langrennsgruppa som veg tyngst, og som gjorde han til ein høgt respektert skileiar over heile Sunnmøre.
       
     
     
       
     
     Vi kjem tilbake med minneord over Karl B. Lade etter gravferda, der vi oppmodar tidlegare- og noverande idrettsvener om å ta del.