Finn fram sykkelen !

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2010

Eldar Kurseth er ein av bygda sine fremste sjølvplagarar med skisport om vinteren og sykkelsport resten av året. –No er det tid for sykkel, seier Sykkylven sykkelklubb sin treningsgeneral.


-Vi startar treningane med fellestrening kvar tysdag og torsdag. Tidspunktet er klokka 1800 ved Hydrostasjonen i Sykkylven, og her kan alle delta uansett nivå. Eg trur vi går mot ein særs god sesong. Fleire av dei aktive i klubben teiknar godt.



Kurseth fortel vidare at folk ikkje må vere redde for å ta kontakt.


-
  
 Eg er å treffe på 922 86 342. Har nokon spørsmål er det berre å ringe. Sykkelklubben er felles for heile bygda og vi står til teneste så godt vi kan. I løpet av ein sesong er det mange utfordrande ritt som passar til ulike nivå, så her er det berre å hive seg med.