Braut ryggvirvel i Det Store Folkerennet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2010
Heldigvis kom dei fleste trygt i mål under VIL sitt renn langfredag, men Siv Rakvåg var uheldig.
Det var i unnakøyringa før ein kjem inn på sletta mot Andorfura at uhellet var ute. Ein løpar like framom datt, og då Rakvåg skulle gjere ein kjapp unnamanøver gjekk det gale. Fallet var ikkje til å unngå. Trass smerter kom ho seg til matsatsjonen ved Orreneset med eiga hjelp. Der
vart ho teken hand om av kyndig Røde Kors-personell.
Derifrå gjekk turen til sjukehuset på Åse for nærare undersøking. Der viste det seg at ein ryggvirvel var broten. Etter det vi har fått opplyst var det eit stabilt brot, men den uheldige deltakaren vår er sjukmeld i fyrste omgang i seks veker - til 15. mai.
Dette var sjølvsagt leitt, men i ettertid kan vi ikkje anna gjere enn å ynskje god betring.