Folkerennet – kostymepremie.

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mar 2010

Langfredag vert Det Store Folkerennet arrangert for fjerde gong. Premien som har vore lettast å vinne er kostymepremien.



Litt overraskande er det berre èin person kvart år som har møtt fram i kostyme. Fyrste året tok Sigvart Værnes prisen med sitt 50-tals skiantrekk. Året etter var det Bård Vestre som stakk av med premien, før Gunn Tove Brochmann Skylstad tok det siste stikket.



Vi håper fleire vil kjempe om denne prisen i 2010. Og vi minner om starttidspunket:


1)
  
 Når du vil 1030-12.30 for dei som går utan tidtaking


2)
  
 Klokka 1200 for dei som vil gå på tid i lengste løypa