Det snør ikkje spor

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2010

Kenneth Fet i fine spor under Fjellsæterrunden 2010

Langrennsløypene på fjellet held høg kvalitet, men det gjer seg ikkje av seg sjølv.



Dei som har hatt ansvaret for løpekøyringa/sporlegginga siste par åra har gjort ein kjempejobb, og dei haustar ros frå mange hald. Siste tida har driftarane av anlegget på Fjellsætra hatt ein aksjon i Sykkylvsbladet der dei ber om støtte til løypearbeidet.



Velledalen IL oppmodar alle som brukar løypenettet på fjellet om å yte sitt bidrag til dette viktige arbeidet. Kontonummeret er: 4045 07 01930


Du bestemmer sjølv kor mykje du vil gi.