Grasrotspelarar – har passert 60

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2010

Sist vi hadde oppdatering om talet på grasrotspelarar var talet 56, no har vi passert 60.



Nærare bestemt 63. Det betyr at 63 personar har registrert tippekortet sitt på Velledalen IL, slik at laget får fem prosent av tippeinnsatsen. Absolutt eit bra tal for eit lag med kring 200 medlemar. Vi takkar for støtta, og vil kome tilbake med ei oppdatering om kor mange kroner desse spelarane har gitt VIL-kassa ved utgangen av mars.



Vi har framleis att t-skjorter som er tenkt til personar som har spelekortet sitt registert på VIL. Ver ikkje redd for å melde deg. Det er nemleg einaste måten vi kan få levert ut skjorter på. Alle storleikar frå XS til XXL.