Ungdomstrim tysdag 23.mars

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mar 2010

I går, tirsdag 23. Mars, hadde vi på ungdomstrim turnering i fotball. Vi hadde prøvd dette ein gong før, med stor suksess.
 Det skulle det bli også i går. Dagen før hadde Bengt, Gunnar, Robin og Håkon delt opp laga nokså likt, i ekte FIFA-trekning-stil.

Så kom vi til sjølve dagen, og med 20 oppmøtte måtte det bli vellykka. Kampane vart spelt i 4 minutt pr. kamp, og det var mykje fin fotball, og ingen stygge taklingar. Dei laga som var med var Nybergsund, Ranheim, Sprint Jeløy, Alta, KIL/Hemne og Sandnes Ulf.

Til slutt var det dei to laga Nybergsund og Sprint/ Jeløy som stod igjen. Det vart ein spennandes kamp, som til slutt måtte avgjerast på golden goal, der den som scorar det neste målet, vinn. Det var Nybergsund som drog det lengste strået, med spelarane Anette Fet, Henning Vassbotten Knotten og Robin Urke Brunstad, som blei toppscorar på heile turneringa med 8 mål.

Alle var fornøgde med turneringa, sjølv om vi ikkje hadde premiar, men det får bli på neste turnering til sommaren.


Robin Urke Brunstad