Roger Malvin og Berth på fjernsyn
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2010
Skarpe auge registrerte kanskje Roger Malvin Hole og Berth Wilhelmsen på fjersynet under NRK sitt flotte innsalg frå årets Birkebeinerrenn.
Holhynen, som no går for Gjelleråsen IL, var lengst på lufta. Om lag tre sekund vil vi anslå, i fin diagonalgang.
-
Kor mykje måtte du betale for dette, Roger?
-
He,he. Eg såg dei kom opp på sida, men hadde ingen tankar om å skulle kome på fjernsyn
-
Stilen var bra, har du trena mykje teknikk?
-
Det var tidleg i løpet, det hadde vel sett dårlegare ut seinare. Men når det gjeld teknikk så har eg faktisk gått trenarkurs og lært ein del der.
-
Er det lenge til vi får sjå deg i løypene på Fjellsætra?
-
Vi kjem oppover laurdag, så då håper vi på finevêr. Er det noko renn i påska?
-
Det Store Folkerennet går langfredag
-
Det er fint. Der stiller vi heile familien.
Berth Wilhelmsen fekk mindre "sendetid" enn holhyen. Om lag eitt sekund på skjermen vart spandert på sunnmøringen med flest merke under Birkebeinerrennet. Berth tok sitt merke nummer 29 i sitt renn nummer 30. Truleg finn vi også unge Wilhelmsen på startstreken under Folkerennet langfredag.