Roger Malvin går òg Birkebeineren

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2010

I går melde vi at Velledalen IL vert representert med sju løparar under Birkebeinerrennet laurdag. I tillegg går andre interessante personar, men som representerer andre klubbar.



Roger Malvin Hole er ein slik person. Han går for Gjelleråsen IL, der han er skitrenar. Torstein Hole har velledalsblod i årane, han går for Emblem IL. Elles kan ein starte i Birken
   både for bedrifter og andre oppdikta "klubbnamn", så det er ikkje enkelt ut frå startlistene å finne kvar alle høyrer heime.


Det som er sikkert er at sju løparar har meldt seg på med Velledalen IL som klubbnamn. Veit nokon om andre lokale heltar som går, er vi sjølvsagt takksame for å bli tipsa om det.



Birkebeinerrennet fører til reine folkevandringa frå Sunnmøre denne helga. Eit raskt søk på internett gav oss desse opplysningane over antal løparar frå ulike sunnmørsklubbar:


24 løparar Emblem IL


12 løparar Valldal IL


11 Volda T&IL


9 Ørsta IL


7 Velledalen IL


4 Stordal IL og Sykkylven IL


3 Stranda IL, Geiranger IL, Langevåg IL og Blindheim IL


2 Herd, Sæbø, Austefjord, Bjørke, Hareid, Ørskog og Skodje


1 Liabygda, Hovdebygda, Brattvåg, Eidsdal, Ravn, Gursken, Norborg, Larsnes, Spjelkavik, Hødd, Vartdal



Vi tek og med at MOI stiller 27 løparar og Tomrefjord IL 18 som dei største frå Romsdal.