Birkebeinerrennet går laurdag – stor VIL-tropp
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mar 2010
Laurdag skal tusenvis av skiløparar gå Birkebeinerrennet. 54 seige kilometer frå Rena til Lillehammer med lett pakning på ryggen.
La det vere klart med ein gong. Dette er ingen vanleg sundagstur. Høgste punktet i løypa ligg meir enn 900 meter over havet. Dermed kan vêrforhold og smurning alltid bli vanskeleg for løparane. Men heldigvis, gjennomgåande er vêret meir stabilt på Austlandet enn på Sunnmøre
Velledalen IL stiller ein stor tropp i årets renn – heile sju løparar, noko som er fleire enn vi mønstra eksempelvis i Fjellsæterrunden. Desse er påmelde frå VIL:
Kenneth Fet
Rolf Haxthow
Kristian Moe
Ole Johnny Myrseth
Svein Arne Nakken
Bastian Skogvold
Andreas Tømmervik
Ambisjonane for løparane våre er høgst ulike. Og slik skal det vere. Ikkje alle treng "jage" merkekravet. I Birkebeinerrennet er det rom for alle – som i Det Store Folkerennet eller Konradløpet. Vi skal likevel gi ei uhøgtideleg vurdering av kva vi ventar frå dei ulike løparane.
Svein Arne Nakken, Kristian Moe og Kenneth Fet vil alle tre bruke ein stad mellom 3-4 timar alt etter forhold. Alle desse tre er vi sikre på vil greie merkekravet - under normale forhold. Kenneth er debutant, men han er sterk og veltrena, så 18-åringen tek nok merkekravet sjølv om startposisjonen ikkje er den beste.
Ole Johnny Myrseth er òg ein potensiell merketakar om treninga har vore bra. Det er godt håp om at også han kan få sjå tretalet som
fyrste tal på resultatlista.
Andreas Tømmervik og Rolf Haxthow venter vi i mål på Lillehammer godt fire timar etter dei starta frå Rena. Men ingen av dei treng stresse med merkekravet i sine klasser. Det får dei ta som ein rein bonus om dei greier.
Så har vi Bastian Skogvold. Eit heller ubeskreve blad innan skisport på "bortoverski". Vi får seie det slik: Vi blir mektig imponert om han går under fem timar. Gjer han det, skal idrettslaget spandere kake på han når han kjem heim til påske. Har Brøvollsfestivalgeneralen ein dårleg dag smurningsmessig, og ikkje får i seg nok drikke av rett sort, held vi det ikkje for urimeleg at han kan få trøbbel med løypesoparane.
Men vi reknar med at unge Skogvold har nokre gener frå faren, Jan Ove. Han duellerte midt på 70-talet med ein aldrande mann frå "Honndalen", Oliver Fagerheim, under Åslirennet i Eidsdal. Når Jan Ove nådde mål den gongen, under særdeles "kleint" skiføre, bør ikkje sonen vere noko ringare i året 2010.
Les VIL-sida laurdag kveld, og kanskje får vi ei rennskildring frå nokon av våre sju tapre menn i etterkant av rennet.
God tur og lukke til!