17 poeng (av 21 mulege) heldt til 1.premie
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2010
Vi snakkar om quizen under sildedagen. Rolf Haxthow hadde funne fram krevjande spørsmål, men takka vere svaralternativa, fann mange det bryet verdt å delta.
Vinnarlaget greidde altså 17 poeng. Med i dette teamet var Bjørg og Sven Fiskerstrand, Irene og Leif Erling Løvoll pluss Bjørn Melkvik. Dette laget bomma på fyrste og siste spørsmålet, men gjorde elles eit solid inntrykk. Til neste gong bør vinnarlaget merke seg fylgjande:
1)
Sildekonge blir rekna for verdas lengste beinfisk
2)
Møre og Romsdal sin fylkesblomst heiter Bergfrue
3)
EU sitt datalagringsdirektiv vart vedteke i EU i 2006
4)
Slaget i Hjørungavåg stod på slutten av 900-talet
Jaja, von dess, fi donc og ymse anna, seier vi!
Vi gratulerer vinnarlaget og håper dei hadde ein gild dag i Velledalen. Premie er i kjømda.
Premie vert det òg til guten på andreplass, Bjørnar Akselvoll Lade. Han hadde 15 poeng – kjempebra! Heile tre lag hadde 14 poeng. Snittet låg på 12 poeng. Ingen strauk.