207 åt sild

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2010

Den Store Sildedagen vart i år for fyrste gong arrangert på ein sundag. 207 personar løyste billett og dei fleste var vel nøgde med serveringa.



Det er ingen liten jobb som ligg bak eit slikt arrangement. Alt frå henting av råvarer hjå Njardar i Fosnavåg og Gjendemsjø i Brattvåg, til steiking av over 600 sildekaker og "dandering" av eit utal rettar etter meir eller mindre innfløkte oppskrifter.



Ikkje uventa var det den eldre generasjonen som i fyrste rekkje møtte fram og prisa silda denne dagen. Vi registrerte fleire personar over 90 år mellom dei frammøtte, men og nokre unge. Sjølv om silda stod i fokus denne dagen fanst der "naudproviant" . Hamburger må vel reknast som nettopp det på ein sildedag.



Etter all silda tykte somme det var godt å legge innpå litt råmjølkspudding, om ikkje anna for den generelle helsetilstanden si skuld. Dei aller fleste toppa ein vellukka dag med litt kake og kaffi, slik at svevnen heldt seg unna til dei vel heimkomne kunne bikke seg ned på sofaen.


Mange svara på ein quiz med svaralternativ, slik at dei held liv i håpet om å stikke av med årets premie.



Sundag som arrangementsdag var både og. Klar nedgang i besøkstala frå sist då det vart arrangert i vinterferien (281 personar). No vert det evaluering, men tilbakemeldinga var klar:

Dette må arrangerast kvart år – ikkje anna kvart!