Trimgruppa med skileik
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2010
Ta med pølser, så lagar vi bål. Vi tar også med kaffikjelen.
Dette skriv trimgruppa i VIL som iviterer til skileik i området Engjareiten/Rabben sundag 7. mars frå klokka 12.30
Øvingane som er blinka ut denne skidagen er Hopp, Kulekøyring, Orgeltramp og Langrenn.
Kjende øvingar som velledalingane meistrar.
Trimgruppa presiserer at parkeringsplass for bilar er begrensa på Brunstad i dag, akkurat slik det var det i 1965, då det vart totalt trafikk-kaos i etterkant av det siste store hopprennet i Brunstadbaken. Trimgruppa minner om at det er fullt mogleg å parkere ved Jokerbutikken, eller ein kan starte skituren frå si eiga stove.