Kryss fingrane for Kenneth i morgon
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2010
Historisk dag i morgon. Då har nemleg Velledalen IL deltakar i junior-NM i langrenn, som vert arrangert i skianlegget Ulsheim i Stryn kommune.
Øvinga som står på programmet i morgon er 15 kilometer i klassisk stil. Alle dei beste i landet i G 18 år (fødde i 1992), skal kjempe om NM-tittel. Kenneth går ikkje dette rennet for å vinne, men for å samle erfaring. Han gjekk godt i Fjellsæterrunden, så forma synest vere i orden.
Godt over 100 løparar stiller til start i klassa til Kenneth. Slår han 30 posent av desse bør han vere nøgd. Konkurransen er nemleg knallhard.
NM-øvingane i Stryn går kvar dag til og med sundag. Ynskjer nokon sjå spenstig skisport er det berre å setje seg i bilen. Arenaen ligg berre 90 minutt unna..