Trimposten Holetindane
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2010
Her er ein liten situasjonsrapport frå trimposten Holetindane.Ikkje så ofte besøkt på denne tida, og slettest ikkje lett å få notert seg i boka.Det krevst ei solid spade og graving gjennom ein minst to meter høg snøskavel. Elles er det faktisk lite snø på vegen opp. Det er også betryggande for Brunstad-karane at naustet har greidd seg godt gjennom vinteren.
Nils Terje Skylstad