Sterkt tremannslag frå VIL i Fjellsæterrunden

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2010

I Fjellsæterrunden vert det kvart år delt ut premie til beste tremannslag for herrar og beste kvinnetrio.



Velledalen IL mønstrar dette året det sterkaste laget dei har gjort på lenge. På papiret vil venteleg Kristian Moe, Svein Arne Nakken og Kenneth Fet få dei tre beste tidene av VIL-løparane. Særeleg unge Kenneth har hatt framgang denne sesongen. Men laget har fleire sterke kort i bakhand, mellom dei Stian Mork.



I 2009 vart VIL-laget nest best. Berre Sunnylven IL var sterkare. Vi ynskjer alle VIL-løparane eit godt renn på gode ski