Mykje haudbry med helgakonkurransen i veke 6
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2010
Det kom inn mange svar. Om lag halvparten svara at Konstantin var 16 år, resten svara 14. Sentralt i dette spørsmålet står definisjonen av ordet MANGLAR.
Brunstadmannen som har sendt inn oppgåva seier at 16 år er rett svar. Og det er heller ikkje tvil om at alle som har svara dette må få eitt poeng. Spørsmålet som oppgåveinnsendaren får eitt døgn i tenkeboksen på, er om også dei som har svara 14 år må få poeng.
La vi ta eit døme:
Når ein person vert 49 år, er det ikkje tvil om at vedkomande MANGLAR eitt år på å vere 50.
Men kan vi, når same person fyller 51 år, seie at vedkomande MANGLAR eitt år på å vere 50….., (eller er det 52 år han MANGLAR eitt år på…) ?
Dersom svaret er ja på dette spørsmålet, bør både 14 og 16 år godkjennast som rette svar.
Men som sagt; fasiten seier 16 år, og førebels får desse personane kvar sitt poeng:
Svein Hjorthol, Bjørg Hole-Drabløs, Per-Gunnar Holmberg, Gunnar Skogvold, Torhild Hosevik Skogvold, Torild Hole, Anita Kjersheim og Håkon Brunstad.
Utan at vi var klar over det, vart dette ei svært marginal oppgåve. Men vi deler med glede ut fleire poeng, men berre dersom oppgåveinnsendaren tillet det.