Sterk jubileumsinnsats av Svein i Holmenkollen skimaraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Feb 2010
Svein Arne Nakken vart nummer 34 av 482 løparar i klasse 40-44 år under Holmenkollen skimaraton i dag. Ein prestasjon som heldt til premieplass.
Petter Eliassen vart totalvinnar i rennet som samla kring 4500 løparar. Eliassen gjekk på 1.57.44. Simen Østensen kom på andreplass. Vår mann (Svein) fekk sluttida 2.28.11, etter eit nærast optimalt renn i sin 15. start. I same klasse gjekk Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, på 2.39.22 (nr 70).
Berth David Wilhelmsen tok ein sterk fjerdeplass i klasse 65-69 år med tida 2.55.06.
For ordens skuld tek vi med at vinnaren av Konradløpet i 2009, Knut Lium frå Torpa, kom inn på tida 2.24.07
I klassa for halve velledalingar var vi representerte ved Olav Brunstad i klasse 55-59 år. For dei som er ustøe i slektsrøtene til karen, kan vi nemne at Olav er son av Kirsti og Ludvik Brunstad. Han brukte 2.56.06 på den 42 kilometer lange løypa.
I morgon går Kenneth Fet Norgescuprenn for junior. Det skjer på Hovden i Setesdal. Rennet går i klassisk stil, og er såkalla langdistanse (20 km) med fellesstart. Kenneth startar i klasse G 18. Vi ynskjer alt godt for Kenneth. Truleg har vi resultat frå rennet i løpet av morgondagen.