Ikkje UM for Hilde denne sesongen

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2010

Hilde Riksheim Tandstad stiller ikkje i friidretts-UM i år, men er i god rute med treninga.



Sist sesong deltok Hilde i stemnet som vert rekna som ungdoms-NM i innandørsfriidrettmed to 11.plassar som resultat i lengde og på 800 meter. Stemnet i 2010 går i Drammenshallen, men utan Hilde på startstrek. Det betyr ikkje at forma er dårleg. Sist helg deltok ho i kretssamling på Tingvoll, og det vert meldt frå Tandstadbakkane at alle testresultat tyder på at 1992-modellen går mot ein god sesong.



Det vert likevel lokalt blod i Drammenshallen. Henrik Johan Holmberg deltek i 200meter, 400 meter og høgdehopp. Systera Anna Maria er påmeldt på 800meter og 400 meter.

  Elles vert det meldt frå Vik i Sogn at Henrik Johan har vore på stavsprangkurs. Dette med tanke på ei 10-kamp karriere.

  - Sesongmålet er 3,20, fortel faren, velledalingen Morten Holmberg.