Marit Hole leiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2010
Under styremøtet i VIL sist veke var det plukka ut ein premiekomité med tanke på komande arrangement som Det Store Folkerennet, Konradløpet og Fetvatnet Rundt.
Marit Hole (frå hovudstyret) vart leiar i nemnda. Med seg fekk ho Odd Kåre Fet (friidrett) og Linn Tove Akselvoll Lade (varakvinnegruppa). Meininga er ikkje at desse tre skal gjere jobben åleine, men dei har som ansvar å organisere innsamlinga av gåvepremiar. I tilegg skal dei stå for premieutdelinga av gåvepremiar under Konradløpet 1.mai.
Dersom nokon har bidrag, set heilt sikkert dei tre pris på å bli kontakta. Minstepris: kr.100,-