Klora seg fast til taburetten
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2010
VIL heldt ekstraordinært årsmøte i går med reknskap og val av ny leiar på saklista. Reknskapen viste eit pluss på 20 000 kroner, mot 49 000 i minus året før.
Valnemnda hadde ikkje funne nokon ny leiar, og dermed enda det med at Atle Hole kunne klore seg fast til taburetten endå eit år. Styret vart utvida til sju personar. Dei fem som sat heldt fram, medan Marit Hole og Asgeir Rusand kom inn som nye.
Hovudstyret VIL 2010:
Atle Hole (leiar), Geir Helge Grebstad (nestleiar), Anne Britt Hammer, Elisabeth Urke, Ove Inge Skylstad, Marit Hole og Asgeir Rausand.
vara: Linn Tove Akselvoll Lade
vara: Mette Ulvestad
Attval i trimgruppa.
Trimgruppa vart uendra i høve til 2009. Det betyr fylgjande personar i styret:
Nils Terje Skylstad (leiar), Marit Hole, Arnt Brunstad, Bjørg Frøystad Hole, Gudrun Wangsmo, Turid Fet, Anita Hjorthol.
Vara: Hanne Ulset og Per Steinar Linga
Berre menn i langrennsgruppa.
Ingen har teke på seg leiarfunksjonen i langrennsgruppa som tel desse personane:
Svein Arne Nakken, Bård Per Erstad, Pål Rune Fet, Magne Nilsen og Asbjørn Tandstad.
I tillegg er Lars Inge Sæther disponibel ved arrangement.
Gruppa skal konstituere seg sjølve.
Seks i friidrettsgruppa
Desse personane kjempa seg til ein plass i sola i friidrettsgruppa:
Inger Riksheim, Hans Olof Holmberg, Rolf Haxthow, Karoline Brunstad, Terje Aurdal og Odd Kåre Fet. Gruppa fekk ikkje leiar under årsmøtet og skal ordne dette på eiga hand.
Susanne leiar i idrettsskulestyret
VIL sin yngste leiar finn vi i idrettsskulestyret der desse personane sit:
Susanne Hole (leiar), Harald Bakken, Tor Olav Tandstad, Øyvind Hunnes, Monica Nilsen
Vara: Inger Anne Brunstad
Revisorar:
Annlaug Grebstad og Norman Hole
Valnemnd:
Gunn Tove Brochmann Skylstad (leiar), Janne Drabløs og Lars Inge Sæther.