Kenneth med solid årsbeste

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jan 2010

Kenneth Fet deltok i Vestlandsmeisterskapen i langrenn i Stryn denne helga. Etter niandeplass i sprint fristil vart det ein sterk sjetteplass i dagens klassiske renn.




Sjølv om Kenneth vart nummer ni i sprinten var ikkje avstanden framover avskrekkande. Prologtida hans (2.35.0) var berre 4,2 sekund bak den tredje beste løparen.



I det klassiske rennet over ti kilometer, i tunge løyper ved Ullsheim i Markane, leverte Kenneth klart årsbeste. I tet vart det dobbeltsiger til Jølster IL. Lars Lyche frå MOI vart beste løpar frå Møre og Romsdal. Kenneth vart fjerde beste løpar frå vårt fylke, 25 sekund bak Lyche. Og han tapte mindre til vinnaren på siste femkilometeren enn på den fyrste – eit godt teikn!


Vi tek med resultat til dei beste frå det
   klassiske rennet i klasse G 18 år.



1. Knut Olav Øygard, Jølster IL
   30.24


2. Eivind Øygard, Jølster IL
   31.05


3. Lars Lyche, MOI
   31.13


4. Geir Marius Øie, Stordal IL
   31.20


5. Olav Erling Aaland, Sunnylven
   31.32


6. Kenneth Fet, Velledalen IL
   31.38


7. Morten Nerem, Emblem IL
   31.53


8. Emil Husøy, Osterøy IL
   32.36


9.Stian Torsetnes, MOI
   33.06.




Sondre Brunstad Fet, med begge foreldra frå Velledalen, tok ein sterk tredjeplass i fristilsprinten laurdag. Han deltok ikkje i det klassiske rennet.