Jan historisk – finpussar forma før veteran-OL
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2010
Jan Ringseth er ikkje redd utfordringar. Om ikkje lenge reiser han til Slovenia for å delta i dei fyrste olympiske vinterleikane for veteranar.
I alt er det venta 2500 utøvarar frå 40 nasjonar til dette historiske idrettsstemnet. Det skal konkurrerast i hopp, kombinert, alpint og langrenn. Frå Sunnmøre deltek fem hopparar, mellom dei Arnt Cato Eidem, SIL, i klasse 55-59 år i tillegg til våe eigen Jan Ringseth i klasse 65-69 år. Siste tida har dei to sykkylvshopparane finpussa forma i Fjellbakken på Stavsengfjellet, der forholda har vore særs gode. Jan Ringseth er ein av våre mange spreke veteranutøvarar og vi ynskjer lukke til.
Og nettsida kjem sjølvsagt tilbake med resultat