Gode tal for VIL-nettsida.

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2010

Folk har ikkje hatt det meir travelt i desember enn at dei har vore inne på nettsida. Ved midtnatt vart det klart at den nye månadsrekorden er på 1661.



Den gamle var på 1588 frå november 2009. Med andre ord sterk avslutning på gamleåret. Vi må ikkje gløyme at i 2008 hadde sida 4200 besøk på heile året. Når vi i 2009 aukar talet til i overkant av 13 800 (meir enn ei tredobling) er vi sjølvsagt nøgde. Det viser seg at idrettslagssida fylgjer temmeleg nøyaktig same stigning som Hovudportalen. Også den meir enn tredobla besøkstala i 2009 i høve til 2008.



Innmelding av nyhende er viktig. Send inn alle resultat, gode eller dårlege. Nytt frå gruppene og idrettsskulen er viktig. Her kan alle medlemar (231 i 2009) ta del. Eller du kan sende bilete av trimmarar, frå trimpostar, born og vaksne på tur med ski, kjelke, skeiser eller til fots. Alt innan fysisk fostring er interessant.

  Det er også arbeidet til nokre ihuga sjeler ved Storevatnet. Har du løyvt nokre kroner etter julehandelen – noko dei fleste truleg har – vil vi råd deg til å smelle nokre kroner inn på kontoen deira. Altså "Storevatnets venner" – 3910.32.89681. Ei god gjerning på årets fyrste dag, er ein god start på eit langt 2010. GODT NYTTÅR til alle!