Romjulsmarsj samla 140
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2009
Trimgruppa i Velledalen IL sviktar ikkje. Romjulsmarsjen 2. juledag samla nesten like mykje folk som "fyrstegongsstempelet" for 30 år sidan.
I historieboka til VIL står det at 147 personar deltok i 1979. Vi tapte altså med knapp margin i 2009 (140 deltok), men ikkje om vi tek omsyn til folketalet. Det var nemleg høgare for 30 år sidan
Årets marsj gjekk under stort sett gode forhold. Opphaldsvêr, om lag null grader, men litt småglatt kunne det vere på sidevegane. Men til å vere på hardaste vinteren kan ein ikkje klage.
Trimgruppa varta opp med god mat og kaffi for dei som ville ha det. Det vart elles vist bilete frå idrettsåret 2009. Som vanleg samla marsjen god oppslutning frå Straumgjerde, i tillegg til dei innfødde.
Bilete ligg i album.