Olaf Øien og Hilde R. Tandstad ”Årets Utøvar 2009”
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2009
Juryen fann det rettast å gi den høgthengande prisen "Årets Utøvar" i VIL til to personar for idrettsåret 2009, nemleg langdistanseutøvaren Olaf Øien (66) og friidrettstenåringen Hilde R. Tandstad (17)
Juryen Terje Aurdal, Einar Fet og Atle Hole hadde inga enkel oppgåve. Det var mange kandidatar i eit aktivt år på ski og friidrettsfronten. Når juryen landa på dei to dei gjorde var det mellom anna på bakgrunn av fylgjande resultat.
Olaf Øien sin sterkaste prestasjoni idrettsåret vi snart har lagt bak oss var nok 7.plassen i klasse 65-69 år i Birkebeinerløpet. Elles vart han nummer tre i same klasse i Geiranger halvmaraton. I motbakkeløpet "Mefjellet Opp" vart han klassevinnar.
Hilde kunne skilte med to KM-titlar. Fyrst 800 meter innandørs i Tingvoll, seinare under KM i mangekamp i Molde. Særleg sigeren i sjukamp var ein sterk prestasjon der ho avgjorde med ein sterk 800 meter. Elles har ho delteke i ei rekkje stemne. Mest løp som 800 og 1500 meter, men også i tekniske øvingar som kule og lengdehopp. Mot slutten av sesongen prøvde ho seg med stort hell på 400 meter og kom inn på 63-talet i sitt fyrste forsøk på øvinga.
Kanskje 400 meter vert hennar sterkaste grein i framtida….?
Juryen meinte at Nils Terje Skylstad var den som kom nærast desse to sist sesong. Sverre Gunnar Brunstad, som har gjort fleire knallsterke resultat, har representert Lørenskog. Av den grunn var han uaktuell.