Ingen tok på seg leiarvervet i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2009
Ingen tok på seg vervet som leiar i Velledalen IL etter Atle Hole då laget heldt årsmøte i kveld. Det vert nytt årsmøte den 27. januar.
Då håper ein å få ny leiar på plass, samstundes som reknskapen skal opp til godkjenning.
Elles var det eit fredeleg årsmøte som gav attvald så og seie over heile lina. Unntaket var at Susanne Hole vart ny idrettsskuleleiar etter Gunn Tove Brochmann Skylstad. Nils Terje Skylstad held fram som leiar i trimgruppa, ei gruppe der det vart attval over heile lina.
I langrennsgruppa og friidrettsgruppa er folket på plass, men begge desse gruppene skal konstituere seg sjølve.
Det gjekk vidare fram av årsmeldinga at laget har 231 betalande medlemar, det same som i 2008. Laget har 44 medlemar i aldersgruppa 13-19 år, noko som er ny rekord. Det vart lagt fram fyldige årsmeldingar frå Hovudstyret, gruppene og idrettsskuestyret. Desse årsmeldingane kjem på nettet om kort tid