Atle Hole går av som leiar i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2009
Etter åtte og eit halvt år som samanhangande leiar i VIL har han varsla valkomitéen om at han ikkje tek attval under årsmøtet måndag.
Dermed er det duka for leiarskifte i VIL. I skrivande stund er det uvisst om valkomitéen har nokon ny kandidat klar. Uansett må laget ha eit ekstraordinært årsmøte på nyåret, då reknskapen for 2009 skal opp til godkjenning om lag i månadsskiftet januar/februar.
Atle Hole vart fyrste gong leiar i VIL som 21-åring, hausten 1977. Han sat då som leiar i åra 78, 79, 80 og 81. Så hadde han kring 20 års pause før han tok over roret att under eit forseinka årsmøte i 2001. Nokre timar gratisarbeid har det blitt desse 12,5 åra.
Rykta seier elles at valkomitéen har det meste på plass, men dersom nokon er sugne på eit verv er sikkert laget meir enn takksame for det. Gi i så fall melding til Helen Longva Fet. Velledalen IL har i dag desse gruppene i drift: Trim, friidrett, langrenn og idrettsskule – i tillegg til eit hovudstyre.