Førjulsmessa – hugs levering av vinstar til tombola

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2009

Vi minner om levering av vinstar til tombola. Seks stk pr. familie skal leverast i Velledalen grendahus fredag 20.november i tidsrommet 1900-2100



Elles ser det ut til å bli ei snøfri helg, slik at ingen treng kvi seg for å ta ut. Siste dagane har det kome fleire telfonar frå utstillarar som vil delta. Einaste vi har hatt å tilby desse er ei venteliste.



Dei to arrangørlage ynskjer alle velkomen til svær tombola, gode tilbod hjå utstillarane og masse gode kaker. Ta gjerne både laurdags-og sundagskaffien din i grendahuset.

  Og kjøp gjerne nokre av julegåvene dine denne helga. Gjer utstillarane det bra, kjem dei att ved eit seinare høve, noko som er viktig for oss som skal arrangere.



Dette året kolliderer vi med Vestborgmessa på Stranda laurdag og med messe på Sjøholt både laurdag og sundag. Men heldigvis har vi ikkje hatt problem med å få utstillarar. Eit godt teikn.


Til slutt minner vi om basarbøkene våre. Som vanleg er den gjevaste vinsten ein flott brodert juleduk frå Skjalvor Karlsen. Du bør sikre deg at du er representert på den trekningen (sundag ca klokka 1730).