Samlingshelg for Kenneth og Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Nov 2009
Skisesongen nærmar seg med raske steg. Kenneth Fet trimmar for tida forma på Sjusjøen. Hilde har UM-samling på heimebane, i Storhallen.
Langrennssamlinga til Kenneth går frå 11.-15.november. Sjusjøen har snø, så langrennsløparane vil venteleg få godt utbyte av samlinga. Og no er det vel berre eit tidsspørsmål før snøen kjem dalande også lokalt.
Friidrettsfolket ser fram mot Ungdomsmeisterskapet (UM) som skal arrangerast i Molde neste år. Dette er som eit NM å rekne, og vert eit stort løft for Møre og Romsdal Friidrettskrets. Denne helga held kretsen samling i Sykkylven Storhall for utøvarar som vil kjempe om plassar til UM neste sesong. Ei stormønstring der det nok er ei oppleving berre å få delta.