Langrenn – lovande testløp av Kenneth
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2009
Dei beste langrennsløparane i kretsen hadde sist veke barmarkssamling i Valldal. Og særs gledeleg sett med VIL-auge; Kenneth Fet viste styrke.
Samlinga gjekk over fire dagar med i alt åtte treningsøkter. Utøvarane fekk såleis rikt høve til å bryne seg mot kvarandre.
For Kenneth sin del vart det ei positiv samling. Under rulleskitestløpet over 15 kilometer – halvparten klassisk og halvparten fristil, gjorde 17-åringen det godt. Runar Korsnes (Emblem) vart best, men han er fleire år eldre enn Kenneth, som vart nummer fire totalt. Og han fylgde dei to beste i klassa (Olav Erling Aaland og Geir Marius Øie)
så godt som heilt til mål.
-Det er betydelege treningsmengder som ligg bak framgangen. Sist månad var han oppe i 60 timar. Snart kjem overgangen frå barmark til snø, og alt tyder på at det vert ein spennande sesong, opplyser manager Pål Rune Fet til nettsida