Hilde vart historisk – vann KM i sjukamp
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Sep 2009
Hilde Riksheim Tandstad låg på fjerdeplass etter fyrste dag av KM i sjukamp i Molde. Då var målet pallplass, ettersom ho låg om lag 150 poeng bak jenta på andreplass.
Men siste dag, med øvingane lengde, spyd og 800 meter på programmet, gjekk veldig bra. Ho vann spyd og gjorde det solid i lengde, men ho var likevel langt bak leiaren, Siv Krakeli Sneen før 800 meteren. Her opna ho med ein sterk 71 runde og sprengde feltet tidleg. Det gjekk tyngre mot slutten, men ho vann 800 meteren på 2.34 under vanskelege forhold. Og då ho slo sin hardaste konkurrent med 37,5 sekund på denne distansen, heldt det til totalsiger, 29 poeng før nordmørsjenta Siv Krakeli Sneen. Maria Ringstad frå Dimna vart nummer tre, ei jente Hilde slo på 800 meter for fyrste gong når det galdt som mest.
Vi gratulerer stort.
Hilde er den fyrste i VIL-historia, 103 år, som blir KM-vinnar i mangekamp. Dermed vart ho dobbelt historisk i helga. Den fyrste som har representert klubben i mangekamp for kvinner og den fyrste som går til topps.