Tour de Sykkylven – SIL vann vellukka ”prøveklut”.

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Sep 2009

Fire lag (68 utøvarar) gjennomførte den 57 kilometer lange stafetten Tour de Sykkylven i dag. Sykkylven IL sitt lag vann føre Sykkylven Sykkelklubb, Velledalen IL og Team Expert



Utøvarane vart prøvde i fem ulike greiner under dei 17 etappane, nemleg løp, sykling, hesteskokasting, rulleski og fotball. Manager Knut Arne Hjelseth hadde tromma saman eit sterkt lag for SIL, som hadde god kontroll i kampen om å bli best.



Velledalen IL sitt lag gjorde ein god figur, og var det laget som nytta flest veteranar, med Olaf Øien som sprek eldstemann.



Mykje må rettast på frå arrangørhald før ein satsar sterkare, men skal ein dømme etter tilbakemeldingane har stafetten livets rett. Terje Aurdal i VIL opplyser til nettsida at det no vert evalueringsmøte, og at det er viktig at deltakarar kjem med innspel til Sykkelklubben eller VIL. Innspel både om kva dei likte og mislikte.



Sikkert er det i alle fall at samtlege deltakarar var fulle av entusiasme og innsatsvilje. Vêrgudane spela ikkje akkurat på lag med arrangørane, men alle lag fann vegen til mål og det er ikkje meldt om skader på løparar som sykla eller sprang i sleipt terreng



Resultat Tour de Sykkylven 2009


1. Sykkylven IL
   2.16.32


2. Sykk. sykkelklubb
   2.25.55


3. Velledalen IL
   2.36.40


4. Team Expert
   2.48.22





Fleire bilete i album.