Merk datoen 26. september
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2009
Då ser eit nytt idrettsamarbeid dagens lys. Det er Sykkylven Sykkelklubb og Velledalen IL som skal samarbeide om det tidlegare ”Ramstaddalsløpet” – no som stafett.
Stafetten blir på 17 etappar med start og mål på Dalemyra. Dei fleste etappane går som springing og sykling, men det vert òg etappe på rulleski, hesteskokasting er fletta inn i ein etappe og like eins presisjonsskyting med fotball. Kortaste springeetappen er på 200 meter, lengste sykkeletappen på kring 12 kilometer. Det er venta ei vinnartid på om lag tre timar.
Også løypa er litt endra i høve til tidlegare år. Den går mellom anna inn Holemarka og opp på Myrdalen, vidare går den på motsett side av Nysætervatnet i høve til tidlegare og på motsett side ned Grebstaddalen (Haugsetsida).