Nils nummer fire i Fanaråken Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2009
Nils Terje Skylstad gjorde ein ny sterk prestasjon i helga då han vart nummer fire i klasse 50-54 år i Fanaråken Opp med tida 1.22.35
Det er ikkje mange skulelærarar som tek skulestarten like seriøst som Nils Terje.
Formmessig er han i ei særklasse. Tre harde motbakkeløp har han lagt bak seg siste tida som oppkøyring til skulestarten. Fyrst vart kan klassevinnar i Eggenipa Opp i Breim, før han tok fjerdeplass både i Saudehornet Opp i Ørsta og Fanaråken Opp i går.
Fanaråken Opp har start ved Turtagrø, 868 meter over havet. Mål er ved Fanaråkhytta som ligg 2068 meter over havet. Løpet er 8,6 kilometer langt med ei stigning på 1200 meter.
Vinnar i går vart ein ung mann frå Kenya, Richard Bartale, med tida 57.16
Vi tek med dei beste tidene frå klassa til Nils, 50-54 år:
1. Olav Terum, Aurland
1.12.17
2. Lars Sverdrup-Thygeson, Asker
1.17.19
3. Arne Johannessen, Politiets Fellesforbund
1.20.18
4. Nils Terje Skylstad, Velledalen IL
1.22.35
15 løparar deltok
Vi merkar oss at ”kjendisen” Arne Johannessen er i god form for tida. Men så har òg politifolk hatt rik anledning til å trene siste tida.