Brunstadsætra – populært turmål
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2009
Fyrste boka som vart plassert ut er fullteikna, men trimgruppeleiar Nils har sjølvsagt fått ei ny bok på plass.
Alt tyder på at Brunstadsætra kan bli det mest populære turmålet i 2009. Trimposten som gir fire poeng vert av mange nytta som ein kjapp avstikkar frå kvardagen sitt stress og mas. Ein kveldstur tur retur Brunstadsætra er gjort på under timen. Sjølv dei formsvake greier dette. Men opningsbakken er bratt, så start forsiktig om anginaen ligg på lur.
Brunstadsætra er i fyrste rekkje damene sin arena. Denne trimposten har damene dominert opp gjennom åra, og det er ikkje noko unntak dette året heller. Torsdag 9. juli var dette trioen som kjempa om å bli ”Dronning av Brunstadsætra 2009:
100 turar: Marianne Urke
99 turar: Inger Anne Brunstad
89 turar: Linda Øye
Komande laurdag syter trimgruppa var brennheit grill og god stemning på sætra. Då er det 20 års jubileum for grillkvelden på Brunstadsætra.
Vi veit du kjem – hugs å skrive namnet ditt i boka.