Konrad Extrem i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2009
Konradløpa i Velledalen utvidar konseptet med eit Konrad Extrem komande sundag (sjå annonse). Løpet startar i botnen av Hjorthol skogsveg – like ved riksvegen – og endar på fjellet Koppen kring 540 meter over havet. Løypa er kring 2000 meter lang med ein høgdeskilnad på om lag 430 meter. Konrad brukte denne løypa som treningstur når han var i 70-åra og fyrste del av 80-åra. Ofte kom han ned att og kryssa riksvegen når folk i dalen reiste utover på arbeid i halv sju tida om morgonen.
Løpet har to klasser. Tur/trim for dei som vil gi seg god tid. Her er det inga tidtaking, men det er påmeldingsregistrering og premiar trekte på startnummer.
Konkurranseklassa har fellesstart. Fyrstedel av løypa går etter skogsveg, brattaste delen etter sti. I konkurranseklassa er det tidtaking med premiering i alle klasser. Løpet tel og som bygdameisterskap i motbakkeløp.
Årets arrangement er ei prøve på om dette er liv laga. Det er venta at vinnartida vil ligge under 20 minutt. Harald Hjorthol (97), eldste personen i Velledalen, gjorde ein litt kortare variant av turen på 15 minutt i 1926 (eller der omkring). Men det var ein meir ”rett opp trasé” frå fremste del av Hjorthol.
Dette løpet startar på ettermiddagstid fordi då står ikkje sola rett på og det vert litt svalare. Løypa er bratt. Det er skumlare i nedoverbakke enn oppover. Arrangøren meiner at born under ti år ikkje må delta åleine, men vere i fylgje med vaksne.
Velkomen til Konrad Extrem, og test gjerne ut løypa i dagane fram til helga.