Koldabakken Grand Prix – høgt nivå

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2009

16 deltakarar trassa regnvêret og møtte til start i Koldabakken Grand Prix – bygdameisterskap i motbakkeløp sprint.
   


   

 Alle 16 gjorde ein framifrå innsats, frå Pernille Linga som den yngste til Paul Hole (snart 80) som den eldste. Tidsmessig var det tre mann som skilde seg ut, Eivind Fet, Per Steinar Linga og Jo Andre Tandstad. Alle tre utøvarar på høgt nivå innan sine idrettsgreiner, men ingen av dei aktive som motbakkeløparar. Eivind er mest kjend for sine prestasjonar i fotball og alpint, Per Steinar er syklist og Jo Andre bordtennisspelar. Eivind og Per Steinar fekk begge tida 1.35 opp den kring 350 meter lange bakken. Jo Andre kom inn på 1.42
   


   

 Mari Leichty vart beste kvinne med fine 2.13. Gode tider også av Nina Ulstein og Inger Riksheim
   


   

 I ungdomsklassa hadde Ole Peder Holmberg best tid med 2.14. Vi merka oss at han slo far sin, Per Gunnar, med fire sekund.
   


   

 I klassa 10 år og yngre (utan tidtaking) deltok fire utøvarar, alle jenter. Eit skuffande lavt tal og særdeles BLEIKT av gutane. Og når eit bygdameisterskap vert annonsert i Sykkylvsbladet, skulle ein tru at andre deler av bygda enn Velledalen burde stille til start. Det var ikkje tilfelle denne gongen i barne- og ungdomsklassa.
   


   

 Alt i alt ei vellukka motbakkemønstring. Neste gong er det Konrad Extreme som står på programmet, med start frå Hjorthol sundag 28. juni i normal tid.
   


   

 Resultat:
    

 10 år og yngre (utan tidtaking)
   

 Pernille Linga
   

 Sofie Skylstad Hole
   

 Lene K. Hole
   

 Emma Holmberg
   


   

 Ungdomsklasse:
    


  Ole Peder Holmberg
     2.14
    

  Sondre Brochmann Skylstad 2.35
    

  Ove Magnus Ødegård 2.49
    



   

 Kvinneklasse:
    

 1. Mari Leichty
    2.13
   

 2. Nina Ulstein
    2.30
   

 3. Inger Riksheim
    2.36
   


   

 Herreklasse:
    

 1. Eivind Fet og Per Steinar Linga, begge
    1.35
   

 3. Jo Andre Tandstad
    1.42
   

 4. Per Gunnar Holmberg
    2.18
   

 5. Alf Petter Bøe
    2.32
   

 6. Kai Skylstad
    2.58
   

 7. Paul Hole 5.19
   



Bilete frå motbakkeløpet ligg i album.