Hilde spring KM i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2009
KM i terrengløp vert arrangert i Molde i dag. Hilde Riksheim Tandstad er einaste utøvar frå
vårt lag.
Hilde spring i klasse 16-17 år der distansen er 2000 meter. Ho fortel til nettsida at ho nyleg har lagt ein sjukdomsperiode bak seg. Difor er ho usikker på forma, sjølv om ho har trena godt siste tida.
Vi ynskjer Hilde alt godt i dagens løp. Uansett vert det ei fin gjennomkøyring med tanke på Konradløpet 1. mai. Der er Hilde rekordhalder mellom jentene (18.46). Med full klaff senkar ho den og vert 750 kroner rikare – det er nemleg potten for ny rekord både for menn
og kvinner.