Det Store Folkerennet – ny deltakarrekord

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2009

Tredje utgåva av Det Store Folkerennet vart arrangert langfredag. Slett ikkje godt vêr frå morgonen av, og lite folk i starten. Men etterkvart kom dei, og ikkje minst hyttefolket på fjellet slutta godt opp om rennet

  Under Det Store Folkerennet er det slik at livet på matstasjonen er viktigare enn farta i løypa. Likevel nemner vi at Kenneth Fet (17) gjekk lang løype på 33.08. Nest raskast var evigunge Berth David Wilhelmsen med sterke 33.54. Anette Fet var raskaste jente med tida 49.08.

  Mest gledeleg var at deltakarrekorden frå i fjor (177) måtte gi tapt. Denne gongen stoppa deltakinga på 208. Vi tør ikkje tenkje på kor høgt deltakartalet hadde vorte i godvêr, eller om folk frå sentrumskrinsane hadde slutta opp om rennet. Denne gongen kom det eksempelvis langt fleire frå stadar som Ålesund, Langevåg, Hornindal og Nittedal enn frå strekningen Ørsneset-Tynes.

  Leiar i VIL-langrenn, Svein Arne Nakken, var godt nøgd etter rennet


-Takk til alle som stod på og gjorde ein jobb slik at vi fekk gjennomført rennet, dette inkludert Skisenteret sine folk. Bygdameisterskapen 2.påskedag må vi diverre flytte til Stranda på grunn av lite snø. Rennet går i klasssik stil med start klokka 14.00. Påmelding frå klokka 13.00



Bilete frå rennet vil bli lagt ut i album i løpet av kvelden.