Ny tippevinst for Halmstrået

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2009

Sist helg vart det tippa Lotto, Fotballtipping og Oddstipping (fotball). Og det gjekk slik:


Lotto: Ingen vinst


Fotballtipping: 8 rette laurdagskupongen, 8 rette sundagskupongen


Odds: Her gjekk det betre på ein av kupongane, men siste kampen vert spelt tysdag (Sogndal-Hønefoss). Dersom
   Sogndal vinn kampen vinn vi 499 kroner. Dersom Sogndal spelar uavgjort eller taper vinn vi 189 kroner. Med andre ord; vi kryssar fingrar for Sogndal.



Så litt meir om Grasrotandelen. Dersom du eksempelvis registrerer spelekortet ditt på Velledalen IL vil VIL få 5 prosent av det du tippar for. Vi presiserer at pengane
   ikkje går av
   tipparen si lomme. Denne ordninga går no inn i si sjette veke. Så langt har 16 personar registrert spelekortet sitt på VIL, 12 på VRF og 1 på Velledalen skulekorps.



På Norsk Tipping sine sider kan ein finne kor mykje kvart lag tenar på ordninga. Pr i dag ser det slik ut:


VIL: 1163 kroner


VRF: 1037 kroner


Korpset 456 kroner



Det betyr at det i denne perioden er tippa for over 50 000 kroner av desse personane. Spennande rekning med tanke på at Joker Velledalen snart vert tippekommisjonær. Det er grunn til å tru at tippeinnsatsen då vil stige.



Eksempelvis har korpset sin einslege tippar tippa for over 9000 kroner denne perioden
   for at korpset skal sitje att med 456 kroner. Idrettslaget sine tipparar er dei som satsar minst. Knappe 1500 kroner, vert snittinnsatsen til dei 16 VIL-tipparane i perioden 1.mars-5.april.



For Velledalen IL er dette kjærkome kroner. Ikkje minst ettersom idrettsskuleleiar Gunn Tove Brochmann Skylstad nyleg fekk hakeslepp på grunn av prisstigning ved idrettsskulen sitt skiopplegg på Fjellsætra