Senterpartiet frå politikk til idrett…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2009

Nettsida gjorde det ein kan kalle
   funn i eit kjellarlokale i Velledalen i kveld. Der fann vi Velledalen sin einaste faste kommunestyrerepresentant i brennheit slagveksling med sin private instruktør. At Senterpartiet no synest satse på boksing i staden for politikk er kanskje ikkje så unaturleg etter tumultane i partiet siste tida. Diverre har ikkje nettsida fått tak i leiar Torild Hole, men bileta lyg ikkje. Det er all grunn til å tru partiet vil nytte kampsport i den komande valkampen i von om å slå seg over sperregrensa.

   Eller kan det vere slik at idrettsskulen i Velledalen skal ha boksing som aktivitet i nær framtid, og at Kristin Grebstad skal vere instruktør der….? I alle fall var det idrettsskuleleiar Gunn Tove Brochmann Skylstad som heldt med treningslokal, og det var òg ho som finpussa på Grebstad sin enno noko uferdige teknikk. Spørsmåla er mange, svara førebels få.

  Uansett, nettsida ventar i spenning på korleis dette heng saman. Tips oss dersom du veit om andre kjellaraktivitetar som vert utøvd i mørke vinterkveldar. Velledalen har det meste, men vi veit lite om det.