2008 – Eit godt medlemsår

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2008

Måndag 5.januar held Velledalen IL årsmøte i Velledalen grendahus. Medlemsmessig har 2008 vore det nest beste året i laget si 102-årige soge. 231 medlemar har betalt kontingenten, berre i 2007 var det fleire (244). Variasjonen i alder er stor. Vi har medlemar som enno ikkje har passert året, og vi har to over 90 år (Sigmund Nakkeberg og Harald Hjorthol). Det er aldri ført statistikk over medlemane sin alder før dei siste åra, men vi reknar det som sikkert at Harald Hjorthol er den eldste personen som nokon gong har hatt medlemskap i VIL.


Medlemar i dei ulike aldersgruppene:


0-5 år:

   11


6-12 år:

   48


13-19:

   35


20-25:

   5


26+:

   132



VIL takkar til alle som har betalt kontingenten, og håper dei aller fleste vert med vidare. Og sjølvsagt; hjarteleg velkomne til nye medlemar.